Studentblogg

Frå elev til student: timeplanen

Når du har vore vant til å starta skuledagen rundt kl. 08 kvar dag og ha timeplanen full av undervisning fram til kl. 15, er det ganske rart å bli student og møta den nye timeplanen sin. Den er som regel ganske så tom og fleksibel til samanlikning. “Så mykje ledig tid! Så lite undervising!” kan ein jo ta seg sjølv i å tenkja. Men korleis er eigentleg timeplanen til ein student? Kva gjer dei med all den ledige tida?

Jepp, der har du timeplanen min dette semesteret. Den varierer likevel litt, til dømes var førre veke den siste gongen me hadde forelesing kl. 08.15 på fredagar. Heilt greitt, det. Som du ser, blir det to til tri forelesingar kvar veke og to seminargrupper omtrent kvar veke. Ein sånn timeplan er me ganske mange som har ved UiB, det er iallfall ganske mykje av det på samfunnsvitskap og humaniora. Andre studentar har meir undervising enn meg, det varierer sjølvsagt mykje etter kva du studerer. Mange har obligatorisk undervising og krav til oppmøte. Begge faga eg tar dette semesteret er heilt utan krav til oppmøte, så i teorien kunne eg jo sete og lese for meg sjølv på hytta heile hausten i staden for å vera ved UiB.

Men det gjer jo verken eg eller resten av gjengen, så kva er det eigentleg me gjer med all den ledige tida i timeplanen? Slaskar me rundt og har fri og langhelg heile tida?

Ein kan jo lett sjå for seg at det kan bli slik eller kjenna at det fristar litt å vera ein slask innimellom. Men slasking og å gjera alt anna enn å studera, det kjem ein ikkje så veldig langt med på universitetet. Det må studerast!

Det er meir enn nok pensum som du skal lesa (og forstå) til kvar forelesing og til seminargruppene, lab og andre undervisingsopplegg du går på. Det er ikkje uvanleg å ha opptil fleire kapittel i fagbøker og/eller artiklar å lesa til kvar forelesing. For dei fleste speler det heller ikkje så stor rolle om forelesingar er obligatoriske eller ikkje, me tar jo faga for å læra noko og då er det definitivt best å gå på forelesingane. På nokre studieprogram har dei også ulike former for arbeidskrav (gjerne i form av skriftlege oppgåver) som du må jobba med i løpet av veka.

I starten er det litt uvant å sitta med pensumbøkene og oppgåvene og timeplanen (med frivillige aktivitetar!) og vita at du sjølv har ansvaret for å komma deg gjennom alt før fristane – og før eksamen. Det er likevel ingenting å uroa seg for – du kjem raskt inn i det! Og så er det jo godt å få disponera tida si sjølv og få jobba med studiet på den måten du sjølv trivst og fungerer best med.


I serien Frå elev til student skriv eg om korleis det å vera student skil seg frå livet som elev i skulen. Lurer du på korleis det blir å vera student? Då er det berre å følgja med i denne serien! Om du har tips eller ønskje til serien, er det berre å leggja igjen ein kommentar.

[simple_series title=”Frå elev til student:”]


3 comments for “Frå elev til student: timeplanen

  1. Kevin
    oktober 3, 2012 at 5:13 pm

    Godt å se jeg ikke er alene om å ha en slik timeplan som du forestilte..

  2. oktober 4, 2012 at 7:41 pm

    Hei!
    Jeg bare lurte på om du bruker biblioteket noe? Så at de var nominert til Bergens Beste, og vet at de har en kjempegod kaffibar. Er ikke det lettere å bruke biblioteket enn lesesalen? Der har man jo tilgang på litteratur, og jeg synes iallefall ikke at det er så kjedelig som det ofte er på lesesaler. Blir ikke så fort lei, på en måte.

    • oktober 5, 2012 at 5:31 pm

      Ja, biblioteket vil eg absolutt tilrå! HF-biblioteket er lyst og fint, og som du seier så er kaffibaren der kjempebra. Dei som jobbar der er i tillegg veldig trivelege. SV-biblioteket er heller ikkje så verst (nytt og fint bygg), så der er eg innimellom. Der er det litt meir aktivitet og tilgang til alt ein kan ønskja seg av bøker og tidskrift.

Legg igjen et svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *