Studentblogg

Frå elev til student: undervising

Det er mykje ved det å studera som er annleis frå det du har vore vant til som elev i skulen. Etter mange år med tavleundervising og hektiske periodar med prosjektarbeid, er det gjerne litt uvant å ta fatt på undervisinga som student. For korleis er no eigentleg den?

Kanskje du har sett for deg at du no skal gå over til å berre ha forelesingar? Joda, du kjem til å få meir enn nok av forelesingar på universitetet, men det er faktisk opptil fleire andre undervisingsformer du kjem til å møta på i tillegg. Eg som studerer samfunnsvitskap liker veldig godt å kategorisera, så her har du ei enkel framstilling av dei mest vanlege undervisingsformene du vil møta på som student:

Forelesing
Ah, forelesinga! Forelesingar skal det nok bli meir enn nok av i løpet av studiet, ja. Det minner mykje om tavleundervising, men på universitetet bruker dei fleste forelesarar Powerpoint (eller “Kraftpunkt”, som min norsklærar insisterte på at det bør heita på norsk) og det går føre seg i auditorium der ein som regel er mange fleire enn ein vanleg skuleklasse. På universitetet startar forelesingar som regel klokka kvart over heil kvar andre time: 08.15-10.00, 10.15-12.00, 12.15-14.00 og 14.15-16.00. Forelesingar varer altså som regel i 90 minutt. Når forelesinga har vart i 45 minutt og klokka er blitt heil, er det ein norm at det er pause. Ofte bli det ikkje ein gong annonsert kor lenge pausen skal vara, for alle veit at slike pausar alltid er på 15 minutt. Så, etter at alle saman (og forelesar) har fått seg litt kaffi, er ein klar for 45 minutt til!


Foto: Paul Sigve Amundsen

På forelesing er det mest forelesaren som styrer showet, men det er også høve til å stilla spørsmål. Det er det ikkje alltid så mange som gjer, så mange forelesarar synst det er kjekt om skjer innimellom. Dette vil nok variera etter kva for eit fag du tar, det er stor skilnad på å vera 200 eller 20 personar i eit auditorium. Men hugs uansett: det er skilnad på å stilla spørsmål fordi du lurer på noko og å stilla eit spørsmål som du tenker at skal visa alle at du har lese pensum veldig nøye (bra for deg!). Det er heilt greitt det òg innimellom, men det er ei tid og mengd for alt.

Seminargruppe
Eg blei så glad då eg slo opp “seminar” i ordboka at eg må dela opphavet med dykk: seminar n1 (frå lat ‘planteskule’ av semen ‘frø’, eigenleg ‘stad der ein legg ned (kunnskaps)frø’). Fint, vel? På seminargrupper (eller: ‘øvingsgrupper’) går gjennom praktiske øvingar under leiing av ein seminarleiar. Seminara går føre seg i mindre grupper (ein kan vera ein plass mellom 10-20 studentar) og her er det altså studentane som skal øva seg ved å løysa oppgåver. På nokre fag er det obligatorisk oppmøte, andre stadar er det frivillig.

Det er som regel veldig nyttig å delta på seminar, ikkje minst fordi det minner deg på at “oi, eg må lesa desse to kapittela sånn at eg faktisk har noko å komma med på seminaret”. Det varierer litt kven som er seminarleiar, ved dei fleste faga eg har tatt har det vore masterstudentar, men det kan også vera stipendiatar (nokon som held på med ei doktoravhandling) eller forelesarar. Om du tar fag som krev at du gjer ei obligatorisk oppgåve eller øvingar, er dette ofte noko som blir organisert i tilknyting til seminargruppa. Og så må me ikkje gløyma noko av det beste med å delta på seminargrupper: det er eit godt høve til å bli kjent med folk!

Kollokviering på Studentsenteret

Kollokvium
Kollokviegrupper er studentar som går saman om å diskutera og øva seg på pensum og eksamensoppgåver. Ved nokre fag blir det arrangert kollokviegrupper som blir leia, til dømes av masterstudentar, andre stadar går studentane sjølv saman om å danna kollokviegrupper. Sånn sett kan seminargrupper og kollokviegrupper bli brukt litt om kvarandre. Kollokviering kan vera veldig nyttig, for du kjem neppe til å ha meir enn eitt seminar kvar veke per fag du tar. Då er det godt å ha moglegheit til å jobba meir saman med andre studentar. Om du liker betre å jobba på eiga hand er det ingen ting i vegen for det heller. På universitetet får du jo meir fridom til å jobba på den måten du trivst best!

Andre undervisingsformer
Utanom forelesingar, seminar- og kollokviegrupper i ymse former, kan det henda at du møter på andre variantar òg. På nokre studie deltar ein på ulike former for kurs eller gjer øvingar i laboratorium, andre stadar er ein med på ekskursjonar og feltarbeid.

Så der ser du, det treng ikkje berre å bli forelesingar og kvalitetstid på lesesalen/i sofaen på deg. Hugs også på at det som regel er mindre tid med organisert undervising på universitetet enn på skulen, så då er det iallfall kjekt å delta på mest mogleg.


I serien Frå elev til student skriv eg om korleis det å vera student skil seg frå livet som elev i skulen. Lurer du på korleis det blir å vera student? Då er det berre å følgja med i denne serien! Om du har tips eller ønskje til serien, er det berre å leggja igjen ein kommentar.

[simple_series title=”Frå elev til student:”]


Legg igjen et svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *