Studentblogg

Fine haustkveldar og quizing

Det er mørke, fine kveldar i Bergen for tida. På veg heim frå lesesalen etter nok ein dag med eksamenslesing ruslar eg forbi fine ting no om haustkveldane:

Til venstre har du lesesalen for oss på bachelornivå på Det samfunnsvitskaplege fakultet, Ulrikke Pihls hus (Upihl). Her er det lys i vindauga og livleg eksamenslesing til seint på kveld for tida. Øvst til høgre ser du Geofysisk institutt, som tar seg fint ut med litt måne og kveld rundt seg. Til sist: eit fantastisk tretårn studentar frå Kunst- og designhøgskolen i Bergen har bygd opp på Festplassen. Nesten som eit juletre, jo!

Elles er det jo mest fristande å halda seg inne for tida. Ikkje fordi det er så kaldt (temperaturen held seg for det meste rundt 8 °C, det er jo ikkje så ille), men fordi det er no sånn det gjerne er når det er mørkt ute og ein blir sliten etter å sitta og lesa så mykje. Men så må ein jo komma seg ut og finna på kjekke ting også, det blir jo litt kjedeleg med berre lesing og kollokviering.

Så her ein dag var me ein tur på quiz, denne gongen på Ad fontes. Det er ein veldig triveleg studentstad på Det humanistiske fakultet, drive av frivillige studentar. Der skjer det veldig mykje forskjellig (frå strikkekafé til konsertar). Me øver oss ofte på både Morgenbladet, Dag og Tid og Bergens Tidende sine quizar, men det kjekkaste er jo å gå ut på ein quizkveld. Denne gongen klarte me tri på Dream Team vol. 3 å innkassera ein pen tredjeplass, til trass for at me knuste eitt glas og hadde avgrensa kunnskap om progrock.

Legg igjen et svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *