Studentblogg

Vinter på Høyden

I det siste har det vore nydeleg seinvinter her i Bergen! Klare, kalde dagar med blå himmel og sol. Det er jammen ikkje så mykje lys som trengst før humøret stig og D-vitamin-lagera blir glade.

Sånn såg det ut på idylliske Nygårdshøyden då eg gjekk til lesesalen i dag:

Seinvinter på Høyden

Høyden er eit veldig koseleg område å tilbringa dagane i, med alle dei flotte, gamle bygningane og koselege gatene. Mange av bygga på universitetet var er villaer der det tidlegare budde fintfolk, i dag er det universitetstilsette og studentar som held til i det som tidlegare var nokon sin heim. Andre bygg var tilhaldsstad for skular i tidlegare år. Skulebygg var jammen noko heilt anna før i tida enn kva det er i dag! Sjekk til dømes Sydneshaugen skole på Det humanistiske fakultet:

Borggårdsdag

Biletet viser borggården på Sydneshaugen. Til trass for vinteren og minusgradene, var Humanistisk studentutval ute og arrangerte Borggårdsdag med underutvala HF-revyen, Ad fontes, Fadderstyret og Humanistenes arbeidslivsutvalg. Dei kunne by på kaker, kaffi og pølser. HF-revyen stilte med knallsøte rosa muffins:

HF-revyen

Sånn har me det i det fine vintervêret. Og våren er ikkje langt unna!

Legg igjen et svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *