Studentblogg

Koselege Bergen

Noko av det eg liker best med Bergen er at det er så mange fine bygningar og koselege gater her! Eg har budd her ei stund, men eg oppdager framleis nye smau, gater og hus når eg er ute og ruslar. Her er nokre glimt frå ein spasertur i Bergen på ein tidleg vårsundag:

vandring1

Skal du studera juss i Bergen, kjem du til å rusla ned denne gata mange gonger. Området jussen ligg på heiter Dragefjellet (det er så herleg namn!) og byr på massevis av gamle, sjarmerande hus; tett i tett.

vandring3

Slike hus finn ein mange av i Bergen. Ærverdige bygningar i mur, med utsmykking og smijernsbalkongar. Eg tenker alltid på Paris når eg går forbi desse bygningane, særleg når det er fint vêr og folk sitt ute og nyt sola. Idyllisk!

vandring2

Frå jussen kan ein gå nedover mot Nøstet. Der er det masse koselege trehus! Legg også merke til flaggstanga. I Bergen flaggar mange når det er Brann-kamp og andre viktige merkedagar.

vandring4

På Nøstet. Koselege trehus, ja!

vandring5

Husa er ganske gamle. Og ein finn massevis av sjarmerande detaljar rundt omkring. Sjekk brevsprekken på denne døra, til dømes!

vandring6

På veg vidare mot Nordnes gjekk me forbi dette skiltet. Høyrest ikkje feil ut å eta pannekaker til lunsj på ein sundagsspasertur!

vandring7

Vidare utover på Nordnes er det også koseleg. Og jammen finn ein underlege gatenamn og til og med namn på hus i Bergen! Her er eit prakteksemplar: «Ballasthandlerolsenske hus».

Legg igjen et svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *