Studentblogg

Hugs å røysta!

røyst

Det er val ved Universitetet i Bergen – og i år har du verkeleg gode moglegheiter til å røysta. Ikkje berre er det val til Studentparlamentet og to studentrepresentantar til universitetsstyret, denne våren skal det også veljast ny rektor. Som student ved UiB har du røysterett i alle desse vala, og den bør du bruka!

Studentdemokratiet

Studentparlamentet er det øvste studentpolitiske organet ved UiB. Det er sett saman av 25 studentar, der 19 av desse blir valt inn frå lister i løpet av valet 17. – 24. april. I tillegg er dei seks fakulteta ved UiB representert ved éin student kvar. Studentparlamentet tar opp all slags saker som gjeld studentar og arbeider for å gjera det endå betre å vera student ved UiB. Valet til Studentparlamentet går føre seg ved at du røystar på lister – i år kan du velja mellom seks lister. Her kan du lesa meir om kva dei ulike listene meiner og kandidatane på listene.

Universitetsstyret er det øvste organet ved UiB, her er det to studentrepresentantar som blir valt for eitt år. Universitetsstyret vedtar mellom anna budsjettet og prioriteringane til UiB. Det skal veljast éin representant av kvart kjønn. På denne sida kan du lesa om dei seks kandidatane som stiller.

Rektor

Ved UiB blir rektor valt kvart fjerde år. Rektor leiar universitetsstyret og har på vegne av styret det overordna ansvaret for å leia UiB. Som student får du vera med og bestemma kven som skal vera rektor. Det er to kandidatar som stiller til val, dei kan du lesa meir om her.

Bruk røysteretten!

Jo fleire som røystar, jo betre moglegheiter for dei tillitsvalte til å få ting til! Då har dei fleire bak seg og kan verkeleg seia at dei representerer studentane ved UiB. Det er også viktig å røysta fordi Studentparlamentet og universitetsstyret diskuterer saker som er viktige for deg som student, då er det bra om du har røysta på dei som du er mest samd med. I tillegg kan du tenkja over dette: viss du ikkje røystar, risikerer du jo at dei som du er heilt usamd med får meir gjennomslag. Så: hugs å røysta!

Klar, ferdig, røyst!
Valet held fram til onsdag 24. april kl. 12, så det er ingen grunn til å venta. Bruk røysteretten her! Du nyttar same brukarnamn og passord som du nyttar på Mi side.

røyst2

Legg igjen et svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *