Studentblogg

Tips til eksamensperioden: FUDS

«Eg kan ikkje vera med på [sett inn noko gøy her], eg må lesa til eksamen.»
– ei utsegn som du kjem til å både seia og høyra ganske ofte no som det nærmar seg eksamens!

Ja, for det nærmar seg eksamen no. Det blir færre og færre dagar igjen til å lesa og kollokviera. På ein måte er det fint, for det er jo godt å komma i mål med arbeidet! Men som me alle veit: det er også ganske stressande.

På UiB er det no fleire stadar der du kan lesa og arbeida som har utvida opningstid (t.d. Bibliotek for humaniora og pc-salane på Ulrike Pihls hus). Det er veldig greitt, for det er jo fullare på lesesalane no enn det var i byrjinga av semesteret. Så kan du jobba den tida på dagen når det passar deg best!

Men – sjølv om det nærmar seg eksamen, er det viktig å ikkje la seg overvelda. Sjølv om det er meir avslappande å vera student i byrjinga av semesteret enn når det går mot slutten, må me ikkje gløyma hugseregelen FUDS. Alle studentar treng å ha litt FUDS – «Fritid utan dårleg samvit». Uansett om du føler du har heilt kontroll eller ikkje, så trengs det pausar. Det er jo rett og slett ikkje mogleg å lesa og studera heile dagane.

Så derfor:

God helg – nyt litt FUDS!

fuds
Adjø for i dag, bibliotek; hallo verda der ute og helg!

Legg igjen et svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *