Studentblogg

Glimt av vår

Vårvêret er jammen vekslande!

Me får alt frå strålande sol til vanleg regn, supplert med dagar med begge delar. No i eksamensperioden er det kanskje like greitt at det skiftar – for me studentar skal jo liksom sitta innandørs og gjera unna siste førebuing til eksamen. Det er ikkje like lett når det er knallvêr, då blir det ofte sånn her: «Fabelaktig! Eg tar med pensumbøkene ut i Muséparken og les der. Sjukt effektivt å lesa og nyta sola samstundes! Kanskje nokon vil vera med? Kanskje me skal grilla?» og vips så var den lesedagen vekke.

Men våren er her, altså. Og det er som dei seier – våren er vakker når det har vore vinter lenge. Sånn her kan det til dømes sjå ut når ein ruslar rundt i Fjellveien utpå kvelden:

06

05

Eller sånn her i koselege, brusteinslagte gater:

01

02

Legg igjen et svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *