Studentblogg

Stilla etterpå

Og plutseleg er det over – i dag er eg ferdig med siste eksamen!

Det må sjølvsagt feirast! Det var nemleg ikkje berre siste eksamen dette semester, det var faktisk den siste eksamenen min på heile bachelorgraden. Dermed er eg faktisk litt ferdig utdanna. Berre litt, for no går turen vidare til master. Men det er likevel verdt å feira at ein er ferdig med bacheloren!

Så, kva no?

Heile semesteret handlar jo om å studera, å lesa og å førebu seg til eksamen. Mot slutten av semesteret tar eg meg sjølv ofte i å tenkja «Det gleder eg meg til å gjera etter eksamen!» når eg får idear om eit eller anna kjekt. Det treng ikkje vera store prosjekt, kanskje er det berre det å gå på kino, trena jamleg, lesa ein roman eller å baka noko. Det er jo ikkje eigentleg sånn at eg ikkje har tid til å gjera sånt i semesteret, men når det nærmar seg eksamen handlar det litt om å konsentrera seg og litt om å ha kjekke ting å gleda seg til etterpå.

No som eksamen er over har eg derfor ei lang liste med kjekke ting eg har lyst til å gjera. Men så er det likevel sånn at den ekstasen eg ser for meg at skal komma over meg når eg har levert inn siste eksamen, den kjem som regel ikkje. Eg går veldig nøgd ut av eksamenslokalet, for all del. Men så går eg jo eigentleg berre tilbake til kvardagen. Det er fint å vera ferdig, men det får meg til å tenkja på at det kanskje ikkje er så dumt å gjera fleire kjekke ting også i tida før eksamen. For alt er jo ikkje berre fryd, gaman og gledesjubel etter eksamen, det meste er jo akkurat som det var rett før!

 

ArneHalvorsen10
Fotograf: Arne Halvorsen

 

Legg igjen et svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *