Studentblogg

Frå fjord til fjell

Det er kort veg til det meste i Bergen. Universitetet ligg midt i byen og i sentrum kan ein gå til dei fleste ting i løpet av ganske kort tid. Eg pleier å seia at det tar «ca 10 minutt» å gå, nesten uansett kor ein skal i sentrum. Det stemmer overraskande ofte!

Men det er ikkje berre i sentrum at det er kort veg til ting. Du treng ikkje å gå så langt før du plutseleg er på veg opp eit av byfjella i Bergen. På lista over ting eg lenge har hatt lyst til å gjera i Bergen, står det å gå opp alle byfjella i Bergen høgt oppe. «De syv fjell» er jo kjente og kjære. Men dessverre har eg hittil berre vore på Fløyen og på Ulriken. Det er visst forresten sånn at Fløyen ikkje eigentleg er eit fjell, men det ser no sånn ut frå sentrum og me kallar dei «De syv fjell».

Ein dag skal eg nok komma meg vidare og gå opp fleire av byfjella, men det blei jammen opp Fløyen i dag også. Mest fordi det er så kort veg! Det er ikkje lange vegen du skal gå frå Festplassen før du plutseleg er på veg opp til «fjellet».


Utsikt til Ulriken frå Bryggen. Foto: Michelle Ingrid Greene

Legg igjen et svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *